Britt Elin og eg tok utfordringa frå Rauland kunstforening og sette i gang med ein fotosession utanfor Sondov sist torsdag. Målet var å få til eit fint bilete av kunstforeninga frå utsida. Det var jammen ikkje enkelt! Store vindauge betyr refleksjonar av alt som skjer i Rauland sentrum, så me sette oss ned i Kaffibaren og venta på det varme ljoset innafrå og skumringa ute. Resultatet får du kanskje sjå på kunstforeninga si nye plakat. Vent og sjå!
onsdag 17. februar 2010
mandag 1. februar 2010
Kønn tri & ski
Månadens bilde. Tema: Ski. Foto: Guro Lien.
Bildet blei te i bilen, på veg te skitur i Silkedalen. Bilen va stappfull av ski, varmeapparatet stod på fullt, og der laga det seg fine dropar på skien som låg i fanget mitt. Vips! Der var motivet.
I kveld va det kønn tri og ski: Svein Olav, Kjell og eg. Resten hadde svikta, mest på grunn av at det kræsja mæ viktig arbeid. Men alle kønn tri hadde gjort ein skikkeleg innsats for å få fine skibilde, Svein Olav mæ treski i kveldssol, Kjell mæ ski i farta og vanvittige måneskinsbilde frå Silkedalen, og eg med ettermiddagsbilde frå sama dalen. Det va stor konkurranse! Og egentleg trakk vel alle tri det lengste strået.
Tema til neste gong er bevegelse eller røyrsle om du vil, og neste gong er måndag 1.mars. Sjåast!

Abonner på:
Innlegg (Atom)