onsdag 17. februar 2010

Foto, kakao og refleksjonar


Britt Elin og eg tok utfordringa frå Rauland kunstforening og sette i gang med ein fotosession utanfor Sondov sist torsdag. Målet var å få til eit fint bilete av kunstforeninga frå utsida. Det var jammen ikkje enkelt! Store vindauge betyr refleksjonar av alt som skjer i Rauland sentrum, så me sette oss ned i Kaffibaren og venta på det varme ljoset innafrå og skumringa ute. Resultatet får du kanskje sjå på kunstforeninga si nye plakat. Vent og sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar