onsdag 18. august 2010

Dalen Fotoklubb inviterer Vinje fotoklubb til fotohelg på Haukeliseter 4.-5.sept

Me har fått ein hyggeleg invitasjon frå Dalen fotoklubb til fototreff på brøytestasjonen ved Haukeliseter laurdag 4. og søndag 5.september.

Meld frå til meg på guro_lien@hotmail.com eller 957 46 681 innan torsdag 26.august viss du vil vera med! Gje beskjed om du treng overnatting. Det er ikkje sikkert vi får plass til alle i herberget, men det er litt avhengig av kor mange vi blir.

PROGRAM

Laurdag 4.sept
0800 Felles frokost og smøring av nistepakke
Etter frokosten planlegg vi dagens fotoutflukt, avhengig av ver og vind. Får truleg besøk av Vest-Telemark Blad denne dagen.

1800 Griling. Felles konkurranse når det skumrar litt. Tema: Fritt. Etter konkurransen viser vi bilete for kvarandre. Denne kvelden kan du ta med deg inntil 10 bilete for å presentere deg sjølv som fotograf.

Søndag 5.sept
0800 Felles frokost med smøring av nistepakke. Planlegging av dagen etter ver og vind. Bestemme når vi skal rydde og vaske etter oss.

Ta med: Kamera og uteklede. Tørrmat til frokost/niste og noko å grille. Tordis i Dalen fotoklubb ordnar tilbehør til grillmaten som vi spleisar på etterpå.

Bli med då vel!!!

PS: Dalen Fotoklubb er på nett: http://www.birtedalen.info/Underliggende%20sider/Annonser/DalenFotoklubb/DalenFotoklubb.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar