onsdag 22. september 2010

I vinden!















Foto: Guro Lien. Tema: Vind.

Kveldens tema var vind. Me fann vel ut at det har vore altfor lite vind i det siste...og at det var ei skikkeleg utfordring! I kveld var me åtte på fotoklubben. Både Janne, Anita, Ida, Kjell, Magnus, Aliona og eg hadde prøvd oss på å fange vinden. Aliona fekk mange stemmer for sine "light paintings", som var imponerande. Meir om light-painting teknikken: http://en.wikipedia.org/wiki/Light_painting. Magnus og Aliona var to nykommarar som kan bidra med mykje kunnskap og inspirasjon i fotoklubben! Eg trakk det lengste strået i månadens bilde denne gongen, som blei til på ein fotostopp ved eit tjern på rettlinja mellom Rauland og Rjukan på søndagen.

Tema til neste gong: Ljos. Dato for neste fotoklubb blir bestemt på utstillingsmøtet 6.oktober. Det blir ikkje vanleg fotoklubb den dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar