onsdag 17. november 2010

Magnus såg ljoset i Åmot!










"Undergrunnsnått" foto: Magnus Tjønn. Månadens bilete under tema ljos!

I hard konkurranse mellom åtte fotografar under tema ljos på fotoklubben i kveld, trakk Magnus det lengste strået med "Undergrunnsnått" frå Åmot sentrum. Kreativt og bra gjennomført, gratulere! Kjell, May-Linn, Ingolf og eg dela 2.plassen. Det var fire nye fotofolk som møtte i kveld, kjempestas! Håpar dei blir med vidare sjølv om kvelden drog ut sidan me jurierte mange flotte bilete frå Tromsø fotoklubb.

Neste fotoklubb blir onsdag 15.des kl. 1830 på Rauland kunstforening. Tema: kontrast. Ta med dei fem beste temabileta, som du har tatt sidan sist! Ta også med kameraet ditt, så blir det ein liten sesjon med tips om kamerabruk og teknikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar