onsdag 17. november 2010

Magnus såg ljoset i Åmot!










"Undergrunnsnått" foto: Magnus Tjønn. Månadens bilete under tema ljos!

I hard konkurranse mellom åtte fotografar under tema ljos på fotoklubben i kveld, trakk Magnus det lengste strået med "Undergrunnsnått" frå Åmot sentrum. Kreativt og bra gjennomført, gratulere! Kjell, May-Linn, Ingolf og eg dela 2.plassen. Det var fire nye fotofolk som møtte i kveld, kjempestas! Håpar dei blir med vidare sjølv om kvelden drog ut sidan me jurierte mange flotte bilete frå Tromsø fotoklubb.

Neste fotoklubb blir onsdag 15.des kl. 1830 på Rauland kunstforening. Tema: kontrast. Ta med dei fem beste temabileta, som du har tatt sidan sist! Ta også med kameraet ditt, så blir det ein liten sesjon med tips om kamerabruk og teknikk.

lørdag 30. oktober 2010

Ein knalldag for fotoklubben!
























Opningi av utstillingi køss blei ein suksess! 70 folk møtte opp, og 7 sjeldri (bilete) blei solgt på 10 min : ) Mange bra tilbakemeldingar, ein kjempedag for fotoklubben!

fredag 15. oktober 2010

Vinje fotoklubb - salsutstilling Rauland kunstforening 30.okt - 21.nov


Fotoutstilling – "Sjavaste sjeldri"
Rauland kunstforening 30.okt - 21.nov


Opning: Laurdag 30. oktober kl. 13.00. Enkel servering. Utstillarane er til stades.
Ope: 30. oktober – 21. november. Torsdag kl. 14 – 19, fredag, laurdag og sundag kl. 12 – 17. Gratis inngang!

Medlemmar i Vinje fotoklubb stiller ut eigne bilete på fotoutstillinga "Sjavaste sjeldri" i 2.etasje på Rauland kunstforening. "Sjavaste sjeldri" er ei salsutstilling med mange flotte motiv som passar inn både heime og på hytta.

Utstillarar:
Ingolf Endresen
Svein Olav Vaa
Britt Elin Ekre
Marcos Porcires
Janne Lofthus
Kjell Bitustøyl
Anita Sørtveit
Guro Lien
Magnus Tjønn


Velkomen!
Sjavaste fotoklubben - Vinje fotoklubb

www.vinjefotoklubb.blogspot.com
www.raulandkunstforening.no