mandag 22. mars 2010

Imponerans portrett & uttrykk!



Månadens bilete. "Illusjon" Foto: Svein Olav Vaa. Tema: Portrett/uttrykk
Det var stor konkurranse om månadens bilete i dag. Janne, Svein Olav, Ida, May-Linn, Britt Elin og Silje hadde møtt opp, og alle hadde gjort ein innsats for å ta fine portrett. Kjell kunne ikkje møte, men var med i konkurransen med forhåndsinnsendte bilete. Kattar, ungar og bygdefolk var portretterte. Svein Olav trakk det lengste strået denne gongen. Gratulere! På delt andre plass kom Britt Elin og Ida.
Neste fotoklubb blir måndag 19.april kl. 1830. Tema: Påske. Sjavsagt... Knips i veg til då, og ver kreativ! Neste gong er ikkje eg der, så Ida tek ansvaret for å låse opp, Britt Elin tek med PC og Svein Olav ledar seansen : )
God påske fotofølk!

mandag 1. mars 2010

Liv & rørsle


Månadens bilete: "Gjenferd" Foto: Britt Elin Ekre. Tema: Rørsle (bevegelse)
I kveld var det stort oppmøte og hard konkurranse i fotoklubben. Ida, Janne, Britt Elin, Svein Olav, May-Linn, Ingolf og eg var på plass. Artig med tre nye, friske pust i fotoklubben! I tillegg hadde Kjell sendt inn bilete sjølv om han ikkje kunne koma. Her var det mange som hadde gjort ein kjempeinnsats for å knipse rørsle! Det var Britt Elin sitt sjølvportrett som trakk det lengste strået. Gratulere!
Tema til neste gong er portrett/uttrykk. Neste gong blir måndag 22.mars kl. 1830, sidan første måndagen i april er 2.påskedag. Vi gledar oss og håpar på like hard konkurranse og stor innsats til neste gong!

onsdag 17. februar 2010

Foto, kakao og refleksjonar


Britt Elin og eg tok utfordringa frå Rauland kunstforening og sette i gang med ein fotosession utanfor Sondov sist torsdag. Målet var å få til eit fint bilete av kunstforeninga frå utsida. Det var jammen ikkje enkelt! Store vindauge betyr refleksjonar av alt som skjer i Rauland sentrum, så me sette oss ned i Kaffibaren og venta på det varme ljoset innafrå og skumringa ute. Resultatet får du kanskje sjå på kunstforeninga si nye plakat. Vent og sjå!