onsdag 25. august 2010

God vasskvalitet!

Nesten heile sommaren har det vore vått, og fotofolket har nytta det våte veret godt! Marcos og Ingolf hadde med utstillingsaktuelle bilete, som lovar godt for ei fin utstilling. Svein Olav, Ingolf, Janne, Kjell, Marcos, May-Linn, Ida, Anita og eg var alle imponerte over bileta i kveld, dei var rett og slett på eit jamnt høgt nivå! Me var ni fotofolk i kveld, og åtte hadde med temabilete. Anita, ei ny fotodame, dukka også opp. Kjempebra!


Det blei delt 1.plass under tema VATN i kveld:






















Foto: Kjell Bitustøyl. Tema: Vatn

















Foto: Guro Lien. Tema: Vatn.

Kva skjer framover?
  • 1.sept: Påmeldingsfrist dersom du vil stille ut bilete på fotoutstillinga. Krav for å kunne stille ut: Betalt medlemskontigent til Rauland Kunstforening, sjå http://www.raulandkunstforening.no/080_bli_medlem.htm
  • 4.-5.sept: Fototreff med Dalen Fotoklubb på brøytestasjonen ved Haukeliseter.
  • Onsdag 22.sept: Neste fotoklubb på Rauland Kunstforening kl. 1830. Tema: Vind. Dette er også fristen for å melde inn tal på bilete du ønskjer å ha på utstillinga (minst 1, max 8). Påmelding til utstillinga og tal på bilete sender du til guro_lien@hotmail.com eller tlf. 957 46 681.
  • Onsdag 6.okt: Planleggingsmøte for fotoutstilling. Rauland Kunstforening kl. 1830. Alle må ha med bileta dei skal stille ut denne kvelden, ferdig innramma i svart enkel ramme med kvit passepartout eller på lerret. Storleik på rammene er valfritt, men vi anbefalar å ikkje ha mindre rammer enn 40 x 50 cm.
  • 29.okt-21.nov: Fotoklubben har utstilling i 2.etasje på Rauland Kunstforening.
    Så langt er vi 9 som ønskjer å stille ut:
    Britt Elin
    Silje
    Svein Olav
    Ingolf
    Janne
    Kjell
    Marcos
    May-Linn
    Guro

onsdag 18. august 2010

Dalen Fotoklubb inviterer Vinje fotoklubb til fotohelg på Haukeliseter 4.-5.sept

Me har fått ein hyggeleg invitasjon frå Dalen fotoklubb til fototreff på brøytestasjonen ved Haukeliseter laurdag 4. og søndag 5.september.

Meld frå til meg på guro_lien@hotmail.com eller 957 46 681 innan torsdag 26.august viss du vil vera med! Gje beskjed om du treng overnatting. Det er ikkje sikkert vi får plass til alle i herberget, men det er litt avhengig av kor mange vi blir.

PROGRAM

Laurdag 4.sept
0800 Felles frokost og smøring av nistepakke
Etter frokosten planlegg vi dagens fotoutflukt, avhengig av ver og vind. Får truleg besøk av Vest-Telemark Blad denne dagen.

1800 Griling. Felles konkurranse når det skumrar litt. Tema: Fritt. Etter konkurransen viser vi bilete for kvarandre. Denne kvelden kan du ta med deg inntil 10 bilete for å presentere deg sjølv som fotograf.

Søndag 5.sept
0800 Felles frokost med smøring av nistepakke. Planlegging av dagen etter ver og vind. Bestemme når vi skal rydde og vaske etter oss.

Ta med: Kamera og uteklede. Tørrmat til frokost/niste og noko å grille. Tordis i Dalen fotoklubb ordnar tilbehør til grillmaten som vi spleisar på etterpå.

Bli med då vel!!!

PS: Dalen Fotoklubb er på nett: http://www.birtedalen.info/Underliggende%20sider/Annonser/DalenFotoklubb/DalenFotoklubb.html