onsdag 30. mars 2011

Vinje Fotoklubb på fotokurs i Snåsa











Medlemmer frå Vinje Fotoklubb drog til Ismenningen fjellstuggu i Snåsa for å lære meir om naturfotografering, f.v. Britt Elin Ekre, Svein Olav Vaa, Guro Lien, Kjell Bitustøyl og Anita Sørtveit (foto: Steinar Johansen)


Tekst: Kjell Bitustøyl

Fem medlemmer av Vinje fotoklubb - alias Sjavaste fotoklubben - var helga 18.-21.mars på eit lærerikt kurs i naturfotografering på Ismenningen fjellstuggu i Snåsa. Fotoklubben, som hadde ei vellykka utstilling i SONDOV sine lokale i Rauland i november, har med dette teke steget vidare i retning av ei auka profesjonalisering.

Interessa for å vera med i Vinje fotoklubb har auka sterkt sidan oppstarten for to år sidan. Frå vera ein liten gjeng av entusiastar, er det no ikkje uvanleg med rundt 15 frammøtte på samlingane som går føre seg ein gong i månaden. Fotoklubben er organisert med flat struktur og kven som helst kan vera med.


Norske naturopplevelser

Det var ei blanding av nokon relativt ferske og nokon meir vidarekomne som drog på langhelg til Snåsa i regi av Norske Naturopplevelser. Dette er eit føretak som for alvor er i ferd med å etablere seg på marknaden, og dei kunne tilby kurs til relativt gunstige prisar. Likevel var det kan hende det at to av landets fremste naturfotografar - Steinar Johansen og Kjartan Trana - var instruktørar, som var viktigaste lokkemidlet. Ismenningen fjellstuggu er nesten ny og ligg inn mot Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark. At denne fjellstoga visa seg å vera ein heilt spesiell gourmetplass med eit svært hyggeleg vertskap, gjorde oss ikkje mindre entusiastiske!

Ut i naturen - fugleskjul

Deltakarane blei delt i to grupper og opplegget var at ein skulle få prøve seg i felt ute og seinare etterbehandle bileta innandørs. Som motivasjon fekk me sett bilete som dei to naturfotografane har teke. Kjartan Trana har spesialisert seg på dyr og fuglar. I tillegg til at han er ein av landets fremste dyre- og fuglefotografar med mange prisar på samvitet, arbeider han i NRK-Trøndelag og lagar bl.a. program for Ut i naturen. Det var han som var med oss i fotoskjulet, ei lita bu med glugg og ein fôringsplass for småfugl. Her var ein tett på naturen, samtidig som ein sat varmt og komfortabelt. Fugleskjulet blei flittig brukt og fleire blinkskot kom her.

Ut i naturen - panorering og landskap

Å fotografere landskap er noko som dei aller fleste med fotoapparat driv med. Men å gjera dette til interessante bilete er noko heilt anna. Steinar Johansen har samarbeidd med Kjartan Trana om fleire bøker, og som i bøkene utfylte dei kvarandre òg på kurset. Johansen er yrkesfotograf med bl.a. naturfotografering/landskapsfotografering og matfotografering som spesialitet. Han har bak seg heile 30 bokutgjevingar og visa seg å vera ein heilt uvanleg dyktig pedagog. Johansen tok oss med ut i landskapet der me fekk prøve oss på "panorering" - dvs. fotografering av eit objekt i rørsle. Både tamrein og hundekøyring var motiv for dette opplegget. Å fotografere ein levande modell ute i naturen var òg ei nyttig erfaring.

Det magiske ljoset

I det heile fekk me bryne oss på ulike fototeknikkar. Innomhus skjedde òg mykje verdifull læring - det gjekk i pixlar, objektiv, brennvidder, RAW-format, photoshop, komposisjon osv. Men klokt nok handla det mykje om løyndomen over alle i fotografering: Det magiske ljoset som kjem så brått og som berre er råd å fange når du er på rett stad til rett tid. Viktig her er planlegging av fotoarbeidet, det å prøve seg fram med eksponering og innstillingar, finne gode motiv og så - vente på augneblinken.

Men ikkje berre det, akkurat som mørkeromet var staden ein kunne trylle fram spanande foto før i tida, er det no på datamaskina dette skjer. Her var læringskurva bratt for einskilde og det var stor aktivitet heilt til siste minutt før me måtte reise.

Meisterkokk

Naturen i Vinje ligg no berre og ventar på at entusiastiske naturfotografar dukkar opp med svindyre objektiv, blendarstyrt innstilling og eit fandenivoldsk blikk på det som dukkar opp på displayet av lokal natur. I tillegg må nok dei som stullar med mat skjerpe seg om det skulle dukke opp fargeglade fotografar med skotklare kamera, for einskilde fekk òg ei grundig innføring i denne sjangeren. Og om me skulle gløyme denne lærdommen, kjem me aldri til å gløyme meisterkokken Kim Tomas Joma sine fortryllande rettar, med namn og utsjånad som dei lokale serveringsstadane i Vinje truleg berre kan drøyme om.

torsdag 10. mars 2011

Veiledninger og kursmateriell

Vi vil etterhvert lage litt materiell som forklaringer og kursmateriell omkring digital fotografering. Dette vil være tilgjengelig fra denne bloggen.

Slik virker digital speilrefleks - grunnleggende
Slik velger du kameramodus
En forklaring på bitdybde og RAW format

Utstyrstips:
Nikon D300 + Mecablitz 44 AF-1 = helt sant

onsdag 9. mars 2011

Svart-kvit rekord!








Skuterspor på Møsvatn. Foto: Marcos Porcires. Tema: Svart-kvitt

Ein rekordkveld for fotoklubben! 14 fotofolk møtte opp, og det var skarp konkurranse om månadens bilete - heile 13 fotofolk hadde med svart-kvitt bilete til konkurransen! Bra jobba, sjavaste fotofolk!

Medaljeoversikt:
1. Gull: Marcos med det geniale, reine biletet av skuterspor innover Møsvatn
2. Sølv: Magnus med skibildet "som ild i tjurt gras"
3: Delt bronse: Svein Olav H. med "Skardsnuten" og "møne", Magnus med nok eit flott skibilde - "burning ring of fire"
Gratulere!!

Magnus var tilbake frå skiferie i alpene og Canada, og dela nokon fantastiske vidvinkel-bilde med oss, tusen takk!!

Sjavaste Svein Olav Hagen hadde laga eit mini-fotokurs til oss, som han gjekk gjennom i kveld. Der var det blant anna ein veldig grei og praktisk oversikt over menyhjulet på dei nyaste speilrefleksmodellane,. Veldig kjekt og oversiktleg! Han har planar om å legge ut dette på nettsida si, så følg med: http://www.lyslid.no

Salsutstilling november 2011:
Svein Olav har snakka med kunstforeninga, og me kan ha salsutstilling på kunstforeninga til hausten også! Kjell, Anita og Marcos tek ansvaret for utstillinga, som blir i november.

Neste fotoklubb blir onsdag 6.april. Tema: Linjer