fredag 17. juni 2011

Og vinnaren er...

I løpet av veka har ein jury kåra beste festivalfoto frå Haukeliseterfestivalen. Premien er respektabel: 2000 kr frå DnB Nor i Åmot.

Eg har sjekka e-posten med usannsynleg kort mellomrom, venta, sjekka og venta i spenning. Og vinnaren er: Sigurd Brokke med munnharpa og snokledde fjell i bakgrunnen. Jamen det var jo mitt bilete, det? Det hadde eg ikkje venta. Pæningan gjeng sjavsagt te nytt fotoutstyr.














Beste festivalbilete på Haukeliseterfestivalen. Foto: Guro Lien

Etter å ha fabulert om spelemenn med hardingfeler på isflak heilt til isflaket smuldra bort, bestemte Svein Olav seg langt utpå kvelden: No var det på tide å få ein spelemann ned til vatnet! Det var eit fantastisk ljos frå festleg lag i vindauga på Haukeliseter som blanda seg med eit kaldt, blått kveldsljos. Så Svein Olav skaffa ein spelemann, fann fram stativet og justerte til lang lukkartid, og vips, så skaffa han seg 2. plassen. Vel fortjent!













2.plass i fotokonkurransen på Haukeliseterfestivalen.
Foto: Svein Olav Vaa

Tredjeplassen gjekk til eit bilete av gnistrande spelemenn- og damer frå Skottland, Shetland, Noreg og kanskje endå fleire land som ikkje eg fekk med meg. Då var det liv i Nansensalen på Haukeliseter. Det var musikk etter min smak!














3.plass. Foto: Guro Lien

mandag 13. juni 2011

Sjavaste festivalfotografane













Foto: Steinar Strand Hansen

Bak frå venstre: Guro Lien, Anita Sørtveit, Britt Elin Ekre og Janne Lofthus. Framme: Svein Olav Vaa. Øystein Løk var også med som festivalfotograf, men kom seinare på dagen.

Frå kl. 1100 til kl. 0000 laurdag 11.juni hadde denne gjengen berre eit mål i sikte: Ta det beste festivalbiletet på Haukeliseterfestivalen. Premie: Heder, ære og 2000 kr frå DnB Nor i Åmot.

Det gjekk i spelemenn, munnharper, kveding, hardingfeler, små intime konsertar, spennande og vanskeleg ljos, objektivbyte,
ISO-justering og korte og lange lukkartider frå tidleg til seint. Ein artig erfaring for fotoentusiastar som vanlegvis finn flest motiv ute i naturen.

I dag kl. 1700 gjekk fristen for å sende inn dei 5 beste festivalbileta ut, så no er me spente på kva juryen kjem fram til!













Foto: Guro Lien