torsdag 21. februar 2013


Neste fotokveld blir 20.03.13 kl 18:30 på Vinjehuset.

Tema denna gongen er: Djubde.


Agenda:


  1. Kåring av månadens bilde
  2. Det vil vera anledning til å ta med andre bilder man har tatt og som man vil vise fram. Her har me satt ei tak på max 5 bilder per person.
  3. Kamera bruk\tips
  4. Fotokonkurranser
  5. Laust og fast
Det vart snakka om at det hadde vore greit å laga ei mailliste for utsendelse/påminnelse før neste møte osv. Ber dei som ønsker det sende mail til meg på dyrland76@hotmail.com.

Det vart også snakka om at det hadde vore moro og møtest ute ein kveld. Det blei bestemt at me ser det litt ann og ventar litt på varmen og lyset:)

Håpar me ser fleire fotofjæs 20 mars:)



søndag 17. februar 2013

Fotokveld på Vinjehuset

13 feb hadde vi flytta oss over til Vinjehuset. Det møtte opp 9 håpefulle fotografar og dei fleste hadde med bilder til "Månadens bilde" med tema BEVEGELSE.

Det var Magnus Tjønn som stakk av med ein klar seier, med Harald Naper på 2 og 3 plass.





Magnus sitt bilde Grungedals skvadronen (der Svein Olav Lien var i farta opptil fleire gonger i følge Magnus). 
Gratulere med kulturstipendet frå Vinje kommune Magnus, såg du hadde stukke deg fram i TA her om dagen.



tirsdag 5. februar 2013

Helterennet 2 feb. 2013

Klubben stilte med 4 fotografar til årets Helterenn 2 feb. Eg vil takke dei som var med meg og gjorde ein kjempe jobb (Guro, Alex og Margit). Tilbakemeldingane vi har fått er veldig bra og med dei forhalda det var den dagen var det rett og slett bare moro:) Det blei lagt ut bilder på Helterennet.no, langrenn.com og det var sendt bilder til Rjukan Arbeiderblad.


Det er nesten så ein ser Amundsen og Nansen her. Eg kjenner hvertfall nasjonal følelsen varme godt om hjarta når eg ser slike bilde. Foto Torbjørn Dyrland