fredag 14. oktober 2011

Bygdi mi

Det var ein god gjeng med gamle og nye fotofolk som hadde møtt opp denne onsdagskvelden for å kåre månadens bilete innanfor temaet "Bygdi mi", og ikkje minst for å planlegge utstillinga me skal ha på kunstforeninga mot slutten av 2011.














"Sjavaste Åmyrien" Tema: Bygdi mi. Foto: Svein Olav Vaa

Konkurransen om månadens bilete var skarp. Det kom inn mange bidrag som viste ulike sider av bygdi. Folk, landskap, gamle stabbur, morgonstemningar og "flyfoto" av grender. Svein Olav V trakk det lengste strået og fekk dei to øverste plassane på pallen. Han vann med portrett av folk frå bygdi- sjavaste Åmyrien og sjavaste Nordigarden. Det vart delt tredje plass mellom Øystein med "Fossen bryt utover" og Magnus med "Åbø Skyline". Gratulere!

Marcos tok ein gjennomgang av alt som gjeld utstillinga. Fristen for å melde seg på som utstillar, gjekk ut på fotoklubben 12.oktober. Til sammen er det rundt 10 fotofolk som skal stille ut, med maks fem bilete kvar. Fristen for å ha på plass ferdig innramma bilete er neste fotoklubb, som er 9.november. Meir om utstillinga finn du lenger ned på denne sida.

Neste fotoklubb blir eit reint utstillingsmøte, og me valte difor ikkje noko tema til då.

mandag 3. oktober 2011

Bestilling av lerret og forstørringar til utstilling

På sist fotoklubb kom det fram mange gode forslag te hørr ein kan bestille lerret, forstørrelsar og ordne med rammer te bilæti som skø stillast ut på sjavaste fotoutstillingi på Rauland kunstforening. Her kjæm ei liti liste ivi tilbyderar, inkludert nokon kommentarar som kom på fotoklubben sist:

  • Japan Photo XXL (lerret, forstørrelsar) - nokon hadde erfaringar med litt dårleg kvalitet på lerret, litt dårleg oppspent og lang leveringstid osv, andre var veldig fornøgde med dei.
  • Foto Knudsen (lerret, forstørrelsar) - god kvalitet på lerret, tykkare rammer enn Japan Photo, men nokon hadde erfart lang leveringstid hos dei.
  • Print 123 (lerret, forstørrelsar) - billig og bra, leverer i uvanlege format som for eksempel panorama, men litt varierande kundeservice.
  • Fleger (lerret, forstørrelsar) - fotograf i Tinn
  • Ingolf Endresen (forstørrelsar) - Ingolf er fotograf, bur på Rauland og kan ordne med forstørrelsar på fotopapir av høg kvalitet - men ta kontakt i god tid, slik at han får tid til å bestille blekk/papir.
  • Fotoimport (lerret, forstørrelsar) - svært god kvalitet, men pris deretter.
  • Friberg Rammeverkstad (innramming) - rammeverkstad på Rauland
  • Skålebygdi Rammeverkstad (innramming) - rammeverkstad mellom Åmot og Dalen, gode på innramming, rimelege.
  • IKEA (rammer) - enkle og billige rammer
  • Og mange fleire... Med andre ord; du kan få forstørringar og lerret i alle slags kvalitetar og prisklasser, lokalt eller i nettbutikk - det er opp til deg : )
Kvar enkelt har ansvar for å bestille forstørringar, foto på lerret og innramming i tide - hugs at du ofte må vente eit par veker frå du bestiller!