onsdag 14. november 2012

Frost

Det vart duka for ein ny kveld med fotorelatera diskusjon og tema for denne gong var frost. Solveig Loftsgarden stakk einstemmig av med sigeren med sitt bilete, gratulere!

Tema: Frost    Tittel: Isformasjon    Fotograf: Solveig Loftsgerden

Oppmøte var diverre litt labert denne kvelden med kun fem frammøtte inkl. meg sjølv, men me snakka  likevel litt om HDR og underteikna fortalte litt om kva størrelsen på ljoskjelda har å sei ved blitzbruk og "frys-effekten" ein blitz kan ha. Svein Olav H. hadde også nokre kloke ord om Metz sin blitz som såg ut til å vera veldig enkel i bruk og kosta rundt 1500Kr.

Neste fotoklubb: Tysdag 11. desember
Tema: Varme

tirsdag 23. oktober 2012

Sesongpremiere: Jordnært

I kveld va det sesongpremiere på fotoklubben ette ein laaang sommarferie, og det va 12 fotofølk som ha fonne vegjen. To nykommerar va det te å mæ! Magnus gjorde ein super jobb som fotosjef, og passa igrunn veldig bra i sjefsstolen.

Alle hadde slite mæ temaet, jordnært... Men det kom mange spennans måtar å tolke det på: Alt frå teskjekjeringi i tyteberskogen te gjørmute støvlar, hestehov gøtt planta i bakken og open grav på kyrkjegarden.

Månadens bilete blei:



Tema: Jordnært. Tittel: Henningsvær. Foto: Rune Hana

Gratulere te Rune, artig at ein av nykommeran vann! På delt andreplass kom Harald mæ "Snart jord", og Guro mæ gjørmute støvlar. På tredjeplass kom Guro mæ bilde av eit jordnært liv i ei fjøllbygd i Peru.

Neste fotoklubb: Tysdag 13.nov


  • Tema: FROST. 
  • Fotosjef: Me stemmer fe Svein Olav V, med Magnus som backup. 
  • Magnus lærer bort litt om blitzbruk, og tek med eksempelbilete. 

  • Fotoklubben etter det blir tysdag 11.des. Set av begge datoane no : )
  • Det blir ikkje noko utstilling i år. 

Gamle bilete frå Rauland


Gunn orienterte om prosjektet til Historielaget, som skal laga ei bok med gamle bilete frå stader (både gardar og landskap) i Rauland. Dei har alt samla inn eindel gamle bilete, og håpar at fotoklubben vil bidra med nye bilete frå same staden, teken frå same vinkel x antal år seinare.

Fint om alle som er interesserte i å bidra med bilete av plassane, tek kontakt med Gunn Gardsjord på gunganor@gmail.com, på tlf eller på neste fotoklubb.

tirsdag 29. mai 2012

Nytt liv

















Månadens bilete: "Svolten!" Tema: Nytt liv. Foto: Mette S. Lehmann

Denne tysdagskvelden var det, til trass for strålande sol og ein uvanleg varm maikveld, heile 12 fotofolk som møtte opp for å kåre månadens bilete og sjå bileta til Harald Naper. Mange hadde med sine tolkingar av temaet. Her var det hoggorm, blåbærlyng, liv langs vegkanten og små fugleungar i hardvind på havet. Til slutt stakk Mette av med seieren med sitt bilete av ei mor som mata fugleungen sin. Gratulere! Ingrid og Harald dela andreplassen med hoggorm ut av dvale og ein frisk, ny blåbærblom.

Tema til neste gong: Jordnært. No tek fotoklubben sommarferie, og neste fotoklubb blir i august/september - dato kjem her på bloggen og på Facebook.

Rauland Historielag orienterte om eit komande bokprosjekt, som dei ønskjer å samarbeide med fotoklubben om: Bilete av gamle stader på Rauland - korleis det såg ut før, og korleis det ser ut no. Gunn Gardsjord tok på seg ansvaret som kontaktperson og organisator frå fotoklubben si side. Det var god stemning blant fotofolket for å bli med å bidra med nye bilete av gamle stader.

Sist, men ikkje minst, viste Harald Naper sine beste bilete. Dei lyste av humor, friske fargar, gode idear og artige historiar. Her var det mykje inspirasjon å hente. Tusen takk til Harald!

Vil du ha tips og inspirasjon til fotograferinga før neste fotoklubb? Prøv eit fotokurs! I sommar er det mange kurs på Rauland, les meir om fotokurs på Raulandsakademiet her.

God fotosommar!

Bli med på fotokurs på Rauland i sommar!

I sommar kan du velge mellom fleire spennande fotokursRaulandsakademiet:
Her er det mykje inspirasjon og læring å ta med seg til neste fotoklubb! 

tirsdag 24. april 2012

Skummelt




















Månadens bilete: "Giftig nedbør" Tema: Skummelt. Foto: Harald Naper

I kveld var det 13 fotofolk som hadde møtt opp, og det var stor enighet om at skummelt var eit vanskeleg tema! Det var likevel mange som hadde gjort ein imponerans innsats, og motiva var alt frå isfengsel, skogstroll, fuglar i svart humør og til mannen med ljåen. Det var Harald som stakk av med sigeren denne gongen. Hakk i hæl kom Magnus, med eit tøft portrett av ein kompis. Guro havna på tredje plass med mannen med ljåen.

Neste fotoklubb blir tysdag 22.mai kl. 1830. Tema: Nytt liv.

God fotovår så lenge!

tirsdag 20. mars 2012

Fritt tema: Frost














"Frost". Fritt tema. Foto: Dag Haugland

I kveld var det 13 fotofolk som møtte opp i filmrommet på Rauland kunstforening, og like mange var med å konkurrerte om månadens bilete. To nye fotofolk dukka også opp! Det var jamnt i teten, men det var Dag som stakk av med seieren med sitt bilete av frost. Gratulere!

Slik såg pallen ut:
1. Frost. Foto: Dag Haugland
2. Leik. Foto: Britt Elin Ekre / Fiskarkona. Foto: Magnus Tjønn
3. Delt mellom 6 ulike bilete!

Neste fotoklubb blir tysdag 24.april. Tema: Skummelt

HDR-tips frå Magnus
Magnus har lest seg opp på HDR i det siste, og viste oss korleis han gjer det i praksis. Kort sagt: Still kameraet på bracketing, legg bilda dine inn i eit HDR-program som for eksempel Photomatix Pro, og vips: Du har eit bilete som dette. Tips nummer to frå Magnus: På Improve Photography finn du e-bøkar som er enkle & korte, og som han har brukt for å lære seg HDR. Det er også bøkar for nybyrjarar, om nattfotografi og fugle- og dyrefotografering her.

Bidra med foto til bok om gamle stader på Rauland?
Rauland Historielag har spurt oss om me er interesserte i å bidra med bilete til ei bok dei planlegg å laga i 2013, om gamle stader på Rauland. Tanken er at historielaget samlar inn gamle bilete, og at oppgåva vår blir å ta bilete av staden frå same vinkel som det gamle biletet er tatt. Dette er eit spennande prosjekt som kan vera moro å bli med på! Er det nokon av sjavaste fotofølki som vil ta ansvaret for å organisere dette? Me er avhengige av at nokon tek ansvar om me skal få det til : ) Tenk på det, og gje meg beskjed på guro_lien@hotmail.com innan neste fotoklubb (24.april) om du er interessert!

Fotograf som viser bilete på ein fotoklubb?
Torbjørn foreslo å få opp fotografen Kåre S.Pedersen, som Torbjørn kjenner, på ein fotoklubbkveld. Er du interessert i dette? Ta ein kikk på nettsida hans Bilde for Bilde, og gje ei tilbakemelding på neste fotoklubb om du syns me skal invitere han opp!

Vil du selge bileta dine?
Åse-Marie Kåsene frå Åmotsdal var innom fotoklubben i kveld. Ho har starta opp ei nettside der du kan laste opp og selge bileta dine. Om du sel eit bilete, tek ho provisjon. Ta ein kikk på www.selgdinebilder.no og ta kontakt med Åse-Marie på tlf. 95 82 59 97 eller solberg60@hotmail.no om du er interessert!

tirsdag 14. februar 2012

Månadens bilete: Ulv i labradorpels!

















Månadens bilete. Tema: Svart-kvitt portrett. Foto: Magnus Tjønn


Gratulere te Magnus Tjønn mæ månadens bilæt! Svart-kvitt portrettet "Ulv i labradorpels" fekk flest likes/"tomlar upp" på sjavaste fotoklubben på Facebook! Britt Elin fekk ein god andreplass mæ eit fint sjavportrett, og kapra jammen tredjeplassen i sama slengen, mæ bilætet av ein søvnig liten kar. Grattis te båe to!

torsdag 9. februar 2012

Stort oppmøte på lære bort-kveld













Svein Olav showar og forklarar : ) Foto: Guro Lien

Heile 17 fotofølk møtte opp for å lære grunnleggande kamerabruk og litt om raw og jpeg i det splitter nye multimediarommet på Vinjehuset i kveld. Svein Olav Hagen & Svein Olav Vaa hadde masse å lære bort, og det blei innføring i blendar, lukkar, iso, fokus, eksponseringskompensasjon og mykje anna. Det blei tid til at alle fekk hjelp til å finne og prøve dei ulike innstillingane på sitt kamera.

Det var mange som spurte om dei måtte bruke Lightroom for å behandle bilde i raw, men det er ikkje nødvendig. Sjekk dette blogginnlegget, så finn du mange tips til gratis og billige program til raw-redigering.

Me fekk berre tid til ein kort introduksjon om raw, jpeg og bildebehandling, og fann ut at me må fortseta med det mens det er ferskt. Neste fotoklubb blir difor tysdag 21.februar kl. 1830 i multimediarommet i 2.etasje på Vinjehuset. Last ned ein gratis prøveversjon av Lightroom eller eit anna program til redigering av raw-bilete slik at du har det på pc´n din når du kjem. Ta med kamera med manual og bærbar pc, så sjåast me for ein ny lærekveld!


Tips til fotolæring:
  • Velge filformat for bileta dine: jpeg eller raw? Her finn du grunnar for å velge både det eine og det andre filformatet, og ei liste over gratis, billige og dyrare program til redigering av raw-filer: Jpeg vs raw
  • Veldig lettlest, enkel og lite teknisk fotobok: Scott Kelby, boken om digital fotografering 1 og 2 Anbefalas! Slik beskriver Scott selv bøkenes briljante konsept: «Tenk deg at du og jeg er ute og fotograferer og du spør meg: «Hei, hvordan får jeg denne blomsten til å stå i fokus mot en uskarp bakgrunn?» Da ville jeg ikke stå der og holde en forelesning for deg om fotografering. I det virkelige liv ville jeg bare si: «Sett zoomobjektivet på kameraet ditt, sett blenderen til f/2,8, still skarpt på blomsten og fyr løs.» Det er dette disse bøkene handler om: Du og jeg er ute og fotograferer mens jeg svarer på spørsmålene dine, gir gode råd og deler fotohemmeligheter med deg slik jeg ville ha gjort det overfor en kamerat, uten enmasse tekniske forklaringer og fotofaglig babbel.»
  • Lærerike faktaark, laga fe fotoklubben av sjavaste Svein Olav Hagen:
Slik virkar digital speilrefleks
Valg av kameramodus
Kva er bitdybde og raw-format?

mandag 6. februar 2012

HelteFoto

Laurdag 4.februar gjekk HelteRennet av stabelen på Rauland. Heile 1300 deltakarar trassa kulda, og i år som i fjor var Vinje fotoklubb på plass i løypene for å feste heltar i alle aldrar, folkeliv, vinnarar og frosne fjes til minnebrikka.Sjå alle bileta frå HelteRennet her: Flickr HelteRennet 2012 Foto: Torbjørn Dyrland, Alex Lehman, Silvia Furtwängler, Svein Olav Vaa og Guro Lien.

Torbjørn, Alex, Silvia, Svein Olav og Guro frå fotoklubben var på plass når startskotet gjekk, når heltane stoppa for ein slurk og ein matbit på drikkestasjonane, når barneheltane var i farta og når sjølvaste heltane kom i mål.

No kan du kjøpe bilete av deg sjølv om du var med på TelemarkHelten 4.februar! Prisen er 300 kr inkl. mva for eit bilete i full oppløysing. Oppgje startnr og namn på e-post til Svein Olav Vaa, sov@telefiber.no, om du er interessert, så sjekkar me om me har bilete av akkurat deg!

torsdag 12. januar 2012

By night























Månadens bilete. Tema: Natt/kveldsfoto. Foto: Aslaug S. Loftsgarden

Denne kvelden var det fullt hus på filmrommet på Rauland kunstforening - heile 18 fotofolk møtte opp for å samlast om kvelds/nattfoto. Tre nykommarar var det også, det er moro!

Konkurransen om månadens bilete var hard - heile 14 fotofolk hadde med bidrag. Aslaug trakk det lengste strået med sitt stemningsfulle måneskogbilete. Pallplasseringa vart slik:

1. Måneskog, Aslaug
2. Bølgjande ljos, Solveig
3. Mathilda, Kjell

Gratulere til medaljevinnarane!


FOTOKLUBB
torsdag 9.februar kl.1830 på Vinjehuset - Lærekveld
Møterommet i 2.etasje på Vinjehuset er booka. Der er det trådlaust nett, prosjektor og lerret.

Lære bort-kveld
- Grunnleggande kamerabruk v/Svein Olav V., Kjell og Svein Olav H.
- Raw - når brukar ein raw og jpeg? Bildebehandling av raw-bilete i bla. Photoshop Lightroom v/Guro & Svein Olav V.

Ta med:
- Kamera
- Bærbar pc med ein prøveversjon av Lightroom eller eit anna program for raw-redigering innstallert. Du kan laste ned 1 mnd gratis prøveversjon av Lightroom her: https://www.adobe.com/cfusion/tdrc/index.cfm?product=photoshop_lightroom
Det er ikkje lov med medbrakt drikke/mat. Kan ordnast med kiosken v/Inger.

Tema: Svart-kvitt portrett.
Det blir ikkje vanleg kåring av månadens bilete denne kvelden, kåringa skjer på Facebook. Legg ut dine tre bidrag på Sjavaste fotoklubben på Facebook seinast 9.februar - det som får flest stemmer/likes av alle før søndag 12.februar, blir månadens bilete! Maks tre bilete per pers, og alle må vera tekne sidan sist fotoklubb.