onsdag 15. desember 2010

Kontrastfull desemberkveld















Månadens bilete. Tema: kontrast. Foto: Guro Lien

Denne kontrastfulle desemberkvelden var me iallefall ti fotofolk i filmrommet på kunstforeninga, klare for kontrastar i alle variantar: ung og gamal, skarp og uskarp, moderne og tradisjon, liten og stor, svart og kvit. Mange gode bilete på eit utfordrande tema! Til slutt var det mitt bilete av eit stetteglas som vann, med Britt Elin sitt bilete av ung og gamal hand i hand og Svein Olav V sine snokrystallar på isen hakk i hæl.

Etterpå blei det ein liten sesjon mæ teknikk og kamerabruk, som me fann ut at me kunne ta vidare te våren på ein felles fotosession ute.

Neste fotoklubb blir onsdag 12.januar kl. 1830 på Rauland kunstforening. Tema: Action. Fyr laus!! : )

onsdag 17. november 2010

Magnus såg ljoset i Åmot!










"Undergrunnsnått" foto: Magnus Tjønn. Månadens bilete under tema ljos!

I hard konkurranse mellom åtte fotografar under tema ljos på fotoklubben i kveld, trakk Magnus det lengste strået med "Undergrunnsnått" frå Åmot sentrum. Kreativt og bra gjennomført, gratulere! Kjell, May-Linn, Ingolf og eg dela 2.plassen. Det var fire nye fotofolk som møtte i kveld, kjempestas! Håpar dei blir med vidare sjølv om kvelden drog ut sidan me jurierte mange flotte bilete frå Tromsø fotoklubb.

Neste fotoklubb blir onsdag 15.des kl. 1830 på Rauland kunstforening. Tema: kontrast. Ta med dei fem beste temabileta, som du har tatt sidan sist! Ta også med kameraet ditt, så blir det ein liten sesjon med tips om kamerabruk og teknikk.

lørdag 30. oktober 2010

Ein knalldag for fotoklubben!
























Opningi av utstillingi køss blei ein suksess! 70 folk møtte opp, og 7 sjeldri (bilete) blei solgt på 10 min : ) Mange bra tilbakemeldingar, ein kjempedag for fotoklubben!

fredag 15. oktober 2010

Vinje fotoklubb - salsutstilling Rauland kunstforening 30.okt - 21.nov


Fotoutstilling – "Sjavaste sjeldri"
Rauland kunstforening 30.okt - 21.nov


Opning: Laurdag 30. oktober kl. 13.00. Enkel servering. Utstillarane er til stades.
Ope: 30. oktober – 21. november. Torsdag kl. 14 – 19, fredag, laurdag og sundag kl. 12 – 17. Gratis inngang!

Medlemmar i Vinje fotoklubb stiller ut eigne bilete på fotoutstillinga "Sjavaste sjeldri" i 2.etasje på Rauland kunstforening. "Sjavaste sjeldri" er ei salsutstilling med mange flotte motiv som passar inn både heime og på hytta.

Utstillarar:
Ingolf Endresen
Svein Olav Vaa
Britt Elin Ekre
Marcos Porcires
Janne Lofthus
Kjell Bitustøyl
Anita Sørtveit
Guro Lien
Magnus Tjønn


Velkomen!
Sjavaste fotoklubben - Vinje fotoklubb

www.vinjefotoklubb.blogspot.com
www.raulandkunstforening.no

onsdag 22. september 2010

I vinden!















Foto: Guro Lien. Tema: Vind.

Kveldens tema var vind. Me fann vel ut at det har vore altfor lite vind i det siste...og at det var ei skikkeleg utfordring! I kveld var me åtte på fotoklubben. Både Janne, Anita, Ida, Kjell, Magnus, Aliona og eg hadde prøvd oss på å fange vinden. Aliona fekk mange stemmer for sine "light paintings", som var imponerande. Meir om light-painting teknikken: http://en.wikipedia.org/wiki/Light_painting. Magnus og Aliona var to nykommarar som kan bidra med mykje kunnskap og inspirasjon i fotoklubben! Eg trakk det lengste strået i månadens bilde denne gongen, som blei til på ein fotostopp ved eit tjern på rettlinja mellom Rauland og Rjukan på søndagen.

Tema til neste gong: Ljos. Dato for neste fotoklubb blir bestemt på utstillingsmøtet 6.oktober. Det blir ikkje vanleg fotoklubb den dagen.

søndag 5. september 2010

Fototur til Haukeliseter

Vinje Fotoklubb var så heldige å bli invitert til en fototur med Dalen Fotoklubb på Haukeliseter. Det var kun 4 jenter fra Vinje som hadde anledning til å møte opp, og det var Britt Elin, Janne, Guro og Ida Beate. Solen sto høyt og temperaturen var god. Alt sto til rette for en flott dag. Vi kjørte gamleveien over Dyrskar for å se etter foto objekter, lære og bare kose oss i sola.
De skikkelige høstfargene var ikke helt tilstede så det ble mye vann og blomster på motivene ;)
Vi kjørte litt frem og tilbake for å finne de rette "spot'sa" for foto. Dagen gikk fort og vi samlet oss på brøytestasjonen for grilling. Da smakte det virkelig godt med mat :)

Tusen takk til Dalen Fotoklubb for invitasjon til en flott tur. Neste gang må Vinje Fotoklubb finne på noe lurt =)

fredag 3. september 2010

Ti fotofolk stiller ut

No har fristen for å melde seg på utstillinga gjenge ut, og ti fotofolk har meldt seg på som utstillarar på utstillinga som skal vera i 2.etasje på Rauland Kunstforening 29.okt - 21.nov:

Silje
Svein Olav
Britt Elin
Marcos
Ingolf
Janne
Kjell
Anita
Magnus
Guro

Me gledar oss!!

onsdag 25. august 2010

God vasskvalitet!

Nesten heile sommaren har det vore vått, og fotofolket har nytta det våte veret godt! Marcos og Ingolf hadde med utstillingsaktuelle bilete, som lovar godt for ei fin utstilling. Svein Olav, Ingolf, Janne, Kjell, Marcos, May-Linn, Ida, Anita og eg var alle imponerte over bileta i kveld, dei var rett og slett på eit jamnt høgt nivå! Me var ni fotofolk i kveld, og åtte hadde med temabilete. Anita, ei ny fotodame, dukka også opp. Kjempebra!


Det blei delt 1.plass under tema VATN i kveld:






















Foto: Kjell Bitustøyl. Tema: Vatn

















Foto: Guro Lien. Tema: Vatn.

Kva skjer framover?
  • 1.sept: Påmeldingsfrist dersom du vil stille ut bilete på fotoutstillinga. Krav for å kunne stille ut: Betalt medlemskontigent til Rauland Kunstforening, sjå http://www.raulandkunstforening.no/080_bli_medlem.htm
  • 4.-5.sept: Fototreff med Dalen Fotoklubb på brøytestasjonen ved Haukeliseter.
  • Onsdag 22.sept: Neste fotoklubb på Rauland Kunstforening kl. 1830. Tema: Vind. Dette er også fristen for å melde inn tal på bilete du ønskjer å ha på utstillinga (minst 1, max 8). Påmelding til utstillinga og tal på bilete sender du til guro_lien@hotmail.com eller tlf. 957 46 681.
  • Onsdag 6.okt: Planleggingsmøte for fotoutstilling. Rauland Kunstforening kl. 1830. Alle må ha med bileta dei skal stille ut denne kvelden, ferdig innramma i svart enkel ramme med kvit passepartout eller på lerret. Storleik på rammene er valfritt, men vi anbefalar å ikkje ha mindre rammer enn 40 x 50 cm.
  • 29.okt-21.nov: Fotoklubben har utstilling i 2.etasje på Rauland Kunstforening.
    Så langt er vi 9 som ønskjer å stille ut:
    Britt Elin
    Silje
    Svein Olav
    Ingolf
    Janne
    Kjell
    Marcos
    May-Linn
    Guro

onsdag 18. august 2010

Dalen Fotoklubb inviterer Vinje fotoklubb til fotohelg på Haukeliseter 4.-5.sept

Me har fått ein hyggeleg invitasjon frå Dalen fotoklubb til fototreff på brøytestasjonen ved Haukeliseter laurdag 4. og søndag 5.september.

Meld frå til meg på guro_lien@hotmail.com eller 957 46 681 innan torsdag 26.august viss du vil vera med! Gje beskjed om du treng overnatting. Det er ikkje sikkert vi får plass til alle i herberget, men det er litt avhengig av kor mange vi blir.

PROGRAM

Laurdag 4.sept
0800 Felles frokost og smøring av nistepakke
Etter frokosten planlegg vi dagens fotoutflukt, avhengig av ver og vind. Får truleg besøk av Vest-Telemark Blad denne dagen.

1800 Griling. Felles konkurranse når det skumrar litt. Tema: Fritt. Etter konkurransen viser vi bilete for kvarandre. Denne kvelden kan du ta med deg inntil 10 bilete for å presentere deg sjølv som fotograf.

Søndag 5.sept
0800 Felles frokost med smøring av nistepakke. Planlegging av dagen etter ver og vind. Bestemme når vi skal rydde og vaske etter oss.

Ta med: Kamera og uteklede. Tørrmat til frokost/niste og noko å grille. Tordis i Dalen fotoklubb ordnar tilbehør til grillmaten som vi spleisar på etterpå.

Bli med då vel!!!

PS: Dalen Fotoklubb er på nett: http://www.birtedalen.info/Underliggende%20sider/Annonser/DalenFotoklubb/DalenFotoklubb.html

onsdag 30. juni 2010

Sølten? Tyst? Versego, forsyn dikkøn!

Fe mat & drikke va månadens tema, og Britt Elin, Janne og eg hadde prøva kønn på å forevige go' bitar. Kjell, Ingolf og Svein Olav møtte opp som dommarpanel denna gongen.

Denna gongen blei det delt 1.plass miom Janne og meg:









Foto: Janne Lofthus. Tema: Mat & drikke.

Foto: Guro Lien. Tema: Mat & drikke.
Me tek sommarferie, og neste fotoklubb blir onsdag 25.august kl. 1830. Tema: Vatn. Splæsj!

onsdag 26. mai 2010

Heilt innat!

Janne, Britt Elin, May Linn, Silje, Kjell og eg hadde møtt opp i kveld fe å kikke nærmare på ting. For eksempel sjokolade, møsedøttar, blomar, fivrel, vevkjeringar og andre småkryp. Her va det mange artige portrett og vinklingar!

Britt Elin trakk det lengste strået mæ sitt nykjil-bilde. Kjell kom på andre plass mæ bilæt av ein fivrel hell sommarfuggel om du vi. Me gratulerar!! Foto: Britt Elin Ekre. Tema: Makro.


Neste fotoklubb bli ONSDAG 30.juni kl. 1830 på Rauland kunstforening. Tema: Mat & drikke. Skål & versego, forsyn dikkøn!

onsdag 28. april 2010

Påske var kveldens tema

Denne kvelden var Britt Elin, Janne, Silje, Svein Olav og jeg samlet for å vise månendens tema: Påske!

Det var mange flotte og kreative bilder. Etter avstemming ble det likt mellom Britt Elin og jeg. Til slutt ble vinnerbildet "Påskeglede" som jeg tok i Silkedalen. Takk Takk!
Vi fant ut av neste fotoklubb blir 26.mai kl 18.30. Tema: Makro.

Takk for i kveld og så sees vi i mai med 5 nye bilder.

Me røas!

tirsdag 20. april 2010

Neste fotoklubb blir ONSDAG 28.april kl. 1830

Temaet er framleis påske. Møt opp med blinkskota dine!! : )

mandag 22. mars 2010

Imponerans portrett & uttrykk!



Månadens bilete. "Illusjon" Foto: Svein Olav Vaa. Tema: Portrett/uttrykk
Det var stor konkurranse om månadens bilete i dag. Janne, Svein Olav, Ida, May-Linn, Britt Elin og Silje hadde møtt opp, og alle hadde gjort ein innsats for å ta fine portrett. Kjell kunne ikkje møte, men var med i konkurransen med forhåndsinnsendte bilete. Kattar, ungar og bygdefolk var portretterte. Svein Olav trakk det lengste strået denne gongen. Gratulere! På delt andre plass kom Britt Elin og Ida.
Neste fotoklubb blir måndag 19.april kl. 1830. Tema: Påske. Sjavsagt... Knips i veg til då, og ver kreativ! Neste gong er ikkje eg der, så Ida tek ansvaret for å låse opp, Britt Elin tek med PC og Svein Olav ledar seansen : )
God påske fotofølk!

mandag 1. mars 2010

Liv & rørsle


Månadens bilete: "Gjenferd" Foto: Britt Elin Ekre. Tema: Rørsle (bevegelse)
I kveld var det stort oppmøte og hard konkurranse i fotoklubben. Ida, Janne, Britt Elin, Svein Olav, May-Linn, Ingolf og eg var på plass. Artig med tre nye, friske pust i fotoklubben! I tillegg hadde Kjell sendt inn bilete sjølv om han ikkje kunne koma. Her var det mange som hadde gjort ein kjempeinnsats for å knipse rørsle! Det var Britt Elin sitt sjølvportrett som trakk det lengste strået. Gratulere!
Tema til neste gong er portrett/uttrykk. Neste gong blir måndag 22.mars kl. 1830, sidan første måndagen i april er 2.påskedag. Vi gledar oss og håpar på like hard konkurranse og stor innsats til neste gong!

onsdag 17. februar 2010

Foto, kakao og refleksjonar


Britt Elin og eg tok utfordringa frå Rauland kunstforening og sette i gang med ein fotosession utanfor Sondov sist torsdag. Målet var å få til eit fint bilete av kunstforeninga frå utsida. Det var jammen ikkje enkelt! Store vindauge betyr refleksjonar av alt som skjer i Rauland sentrum, så me sette oss ned i Kaffibaren og venta på det varme ljoset innafrå og skumringa ute. Resultatet får du kanskje sjå på kunstforeninga si nye plakat. Vent og sjå!

mandag 1. februar 2010

Kønn tri & ski

Månadens bilde. Tema: Ski. Foto: Guro Lien.


Bildet blei te i bilen, på veg te skitur i Silkedalen. Bilen va stappfull av ski, varmeapparatet stod på fullt, og der laga det seg fine dropar på skien som låg i fanget mitt. Vips! Der var motivet.


I kveld va det kønn tri og ski: Svein Olav, Kjell og eg. Resten hadde svikta, mest på grunn av at det kræsja mæ viktig arbeid. Men alle kønn tri hadde gjort ein skikkeleg innsats for å få fine skibilde, Svein Olav mæ treski i kveldssol, Kjell mæ ski i farta og vanvittige måneskinsbilde frå Silkedalen, og eg med ettermiddagsbilde frå sama dalen. Det va stor konkurranse! Og egentleg trakk vel alle tri det lengste strået.

Tema til neste gong er bevegelse eller røyrsle om du vil, og neste gong er måndag 1.mars. Sjåast!

tirsdag 5. januar 2010

Jolestemning og haustutstilling



















Som eit resultat av ei liti beite mæ zoomobjektiv i sofaen ved joletreet, blei månadens bilde til; sjavaste jolekula. Foto: Guro Lien.

Årets fyste fotoklubb starta mæ litt tekniske problem, men enda mæ fine bilde og spennans idear te Sjavaste fotoklubben si haustutstilling på Rauland kunstforening. I tillegg te gjengangarane Svein Olav, Brita, Kjell og eg, dukka nykomaren Pernille, min gamle formingslærar, opp! Kjempebra mæ nye fotofølk : )

Me satsar på minst like bra oppmøte på neste fotoklubb, som bli måndag 1.februar kl. 1830. Tema: Ski. Høpp å sprett i snoen sø lenge!