- Harald Naper, pensjonist, 66 år
- Ingolf Endresen, fotograf, 40 år
- Svein Olav Vaa, taxisjåfør, 45 år
- Kjell Bitustøyl, freelancer, 58 år
- Halvor Person, vaktmester, 61 år
- Gunn Gardsjord, psykiater, 67 år
- Silvia Furtwängler, hundekøyrar, 50 år
- Janne Lofthus, turistvert, 25 år
- Øystein Løk, pensjonist, 72 år
- Magnus Tjønn, skiboms, 22 år
- Torbjørn Dyrland, seniorkonsulent, 35 år
- Alex Lehmann, assistent, 23 år
- Britt Elin Ekre, aktivitør, 31 år
- Svein Olav Hagen, ingeniør, 54 år
- Mette S. Lehmann, pensjonist, 62 år
- Jarl-Magnus Kikut Moen, turnuslege, 27 år
- Guro Lien, prosjektleiar, 29 år
mandag 5. desember 2011
Salsutstilling 26.nov - 31.des på Rauland kunstforening
fredag 14. oktober 2011
Bygdi mi
Marcos tok ein gjennomgang av alt som gjeld utstillinga. Fristen for å melde seg på som utstillar, gjekk ut på fotoklubben 12.oktober. Til sammen er det rundt 10 fotofolk som skal stille ut, med maks fem bilete kvar. Fristen for å ha på plass ferdig innramma bilete er neste fotoklubb, som er 9.november. Meir om utstillinga finn du lenger ned på denne sida.
Neste fotoklubb blir eit reint utstillingsmøte, og me valte difor ikkje noko tema til då.
mandag 3. oktober 2011
Bestilling av lerret og forstørringar til utstilling
- Japan Photo XXL (lerret, forstørrelsar) - nokon hadde erfaringar med litt dårleg kvalitet på lerret, litt dårleg oppspent og lang leveringstid osv, andre var veldig fornøgde med dei.
- Foto Knudsen (lerret, forstørrelsar) - god kvalitet på lerret, tykkare rammer enn Japan Photo, men nokon hadde erfart lang leveringstid hos dei.
- Print 123 (lerret, forstørrelsar) - billig og bra, leverer i uvanlege format som for eksempel panorama, men litt varierande kundeservice.
- Fleger (lerret, forstørrelsar) - fotograf i Tinn
- Ingolf Endresen (forstørrelsar) - Ingolf er fotograf, bur på Rauland og kan ordne med forstørrelsar på fotopapir av høg kvalitet - men ta kontakt i god tid, slik at han får tid til å bestille blekk/papir.
- Fotoimport (lerret, forstørrelsar) - svært god kvalitet, men pris deretter.
- Friberg Rammeverkstad (innramming) - rammeverkstad på Rauland
- Skålebygdi Rammeverkstad (innramming) - rammeverkstad mellom Åmot og Dalen, gode på innramming, rimelege.
- IKEA (rammer) - enkle og billige rammer
- Og mange fleire... Med andre ord; du kan få forstørringar og lerret i alle slags kvalitetar og prisklasser, lokalt eller i nettbutikk - det er opp til deg : )
onsdag 21. september 2011
Vil du stille ut bileta dine? Då bør du lese dette!
Men vi ble enige om følgende:
1) De fotografer som ønsker å stille ut bilder må melde seg før neste klubbmøte (vi tar en oppsummering av fotografer under dette møte). "Påmelding" gjøres til meg på facebook eller mail: marcos@marcos.no eller telefon: 48211067
2) Bilder som skal stilles ut må være ferdig på ramme (lerret etc) til fotoklubbmøte i midten av november. Dato avtales senere
3) Vi kjører svarte rammer på de bildene som skal rammes inn
4) Vi lager plakat til utstillingen, og bilde som brukes velges ut blandt de bildene som vises til neste klubbmøte (12 oktober)
Fotohilsen
Marcos Porcires og Britt Elin
torsdag 15. september 2011
Ein kveld med mange gode historiar
mandag 22. august 2011
Stemningsrapport frå ute-fotoklubb
mandag 8. august 2011
Fotokurs for nybyrjarar og vidarekomande i haust
"På dette helgekurset vil fokuset ligge på å planlegge og gjennomføre en utendørs fotoshoot. Her kan du lære om lyssetting, blits, bildekomposisjon og bilderedigering."
søndag 31. juli 2011
Neste fotoklubb: Grilling og foto 17.august kl. 1730.
Stad: Møtast på Austbø Hotel i Rauland onsdag 17.august kl. 1730. Derfrå gjeng/køyrer me samla te Lognvikvatn. Me møtast uansett på Austbø Hotel. Skulle det striregne (det gjer det ikkje!) kan me ev samle ting frå naturen og kanskje heimafrå og ta med inn på kunstforeninga for å fotografere litt sammen.
fredag 17. juni 2011
Og vinnaren er...
mandag 13. juni 2011
Sjavaste festivalfotografane
onsdag 18. mai 2011
No livnar det i lundar...
Bever på tynn is på Trolletjønn. Tema: vår. Foto: Guro Lien
Filmrommet på kunstforeninga blir fullare og fullare på fotoklubb-kveldar. I kveld var det ny rekord: 19 fotofolk møtte opp! Moro : ) Det var stor konkurranse om månadens bilete - 12 fotografar konkurrerte med blomar, spirer, dyr, fuglar, folk og til og med skuterar i vårdrakt. Det er lagt ned ein imponerande innsats i å fange alt som vaknar til liv om våren. Pallplasseringa blei slik:
1. Bever på tynn is, Guro
2. Nyfødt reinskalv, Svein Olav V
3. Blåveis, Harald
Etter konkurransen viste Svein-Olav H og Guro nytten av å ta og redigere bilete i raw-format i staden for i jpeg. Meir om dette finn du her og her.
Neste fotoklubb blir på Haukeliseterfestivalen laurdag 11.juni. Då blir det open fotodag - me går rundt på festivalen og ut i naturen og tek bilete saman og lærer av kvarandre. Me får tilgang til lokale der me kan ha med eigen pc og redigere bilete og lære av kvarandre. Ikkje minst så blir det fotokonkurranse: Kven tek det beste festivalbiletet? Førstepremie: 2000 kr sponsa av DnB NOR i Åmot! Kjell kan sannsynlegvis ordne med rimeleg overnatting på Haukeliseter. Blir du med? Meld deg på til Kjell: kjellbitu@me.com eller sms til 464 43 031.
Tema til neste fotoklubb (som blir til hausten, dato er ikkje bestemt): Tre bilete som saman fortel ei historie.
Tema for fotoutstillinga på kunstforeninga til hausten: Bygdi mi. Utstillingskomite: Anita, Marcos, Kjell og Britt Elin.
tirsdag 17. mai 2011
Velge filformat for bileta dine: Raw eller jpeg?
Jpeg: Komprimerte bilete som kameraet ditt "redigerer for deg". Et pikslar kvar gong du lagrar. Sportsfotografar som er avhengige av å ta mange bilde raskt rett etter kvarandre, velger ofte jpeg sidan kameraet kan ta mange fleire bilete i ein serie enn ved RAW. Ofte 5-6 MB per fil. Kan opnast i alle bildeprogram. Bileta blir mykje lettare øydelagde ved redigering enn raw-bilete gjer.
RAW: Digitale negativ som må etterbehandlast for å bli bra. Tar du kjappe bildeseriar, må kameraet stoppe opp for å lagre oftare enn når du tek jpeg. Dersom du ikkje har/brukar tid på bilderedigering, er det heller ikkje vits å ta raw-bilete. Her lønner det seg å ta ljosare bilete enn du vanlegvis ville gjort. RAW mange fleire fargenyansar enn jpeg-bilete. Ofte over 20 MB per fil.
Raw-redigeringsprogramma er ofte enklare å bruke enn for eksempel Photoshop cs5/elements. Du treng spesielle program for å kunne opne og redigere raw-filer, som for eksempel:
- Abobe Camera Raw som følgjer med Photoshop Elements/CS5 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Photoshop Lightroom 3 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Canon Digital Photo Professional (gratis på CD som følgjer med Canon speilreflekskamera)
- Nikon view nx (gratis) / Nikon Capture nx (betaling)
- Raw Therapee (gratis)
- Apple Aperture (betaling, for Mac)
- Fleire gratis raw-program finn du her
Det første du gjer med eit raw-bilete, er å sjå på kvitbalansen. Er biletet for varmt eller kaldt? Då kan du lett justere det i raw. Kvitbalansen i jpeg-bilete kan ikkje endrast. Så kan du endre eksponeringa, som gjer heile biletet ljosare eller mørkare. Du kan med enkle grep justere berre mørke eller lyse område i eit raw-bilete, og få fram detaljar i det som er heilt kvitt eller heilt svart utan at du øydelegg biletet. Då brukar du recovery (hente fram detaljar i heilt kvite/utbrente område) og fill light/blacks (hente fram detaljar i heilt svarte område). Dette er ein mykje meir omfattande prosess viss du skal gjera det på eit jpeg-bilete i Photoshop, og biletet blir fortare øydelagt.
Konklusjon: Brukar du mykje tid på bilderedigering, kan det vera lurt å ta raw-bilete. Jpeg er valget for deg som har det travelt, og ikkje skal bruke mykje tid på etterarbeid.
Les sjavaste Svein Olav Hagen sin innføring i bitdybde, jpeg og raw
søndag 1. mai 2011
Neste fotoklubb blir flytta til 18.mai
onsdag 6. april 2011
Linjer på tvers
onsdag 30. mars 2011
Vinje Fotoklubb på fotokurs i Snåsa
Medlemmer frå Vinje Fotoklubb drog til Ismenningen fjellstuggu i Snåsa for å lære meir om naturfotografering, f.v. Britt Elin Ekre, Svein Olav Vaa, Guro Lien, Kjell Bitustøyl og Anita Sørtveit (foto: Steinar Johansen)
Tekst: Kjell Bitustøyl
Interessa for å vera med i Vinje fotoklubb har auka sterkt sidan oppstarten for to år sidan. Frå vera ein liten gjeng av entusiastar, er det no ikkje uvanleg med rundt 15 frammøtte på samlingane som går føre seg ein gong i månaden. Fotoklubben er organisert med flat struktur og kven som helst kan vera med.
Norske naturopplevelser
Det var ei blanding av nokon relativt ferske og nokon meir vidarekomne som drog på langhelg til Snåsa i regi av Norske Naturopplevelser. Dette er eit føretak som for alvor er i ferd med å etablere seg på marknaden, og dei kunne tilby kurs til relativt gunstige prisar. Likevel var det kan hende det at to av landets fremste naturfotografar - Steinar Johansen og Kjartan Trana - var instruktørar, som var viktigaste lokkemidlet. Ismenningen fjellstuggu er nesten ny og ligg inn mot Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark. At denne fjellstoga visa seg å vera ein heilt spesiell gourmetplass med eit svært hyggeleg vertskap, gjorde oss ikkje mindre entusiastiske!
Ut i naturen - fugleskjul
Deltakarane blei delt i to grupper og opplegget var at ein skulle få prøve seg i felt ute og seinare etterbehandle bileta innandørs. Som motivasjon fekk me sett bilete som dei to naturfotografane har teke. Kjartan Trana har spesialisert seg på dyr og fuglar. I tillegg til at han er ein av landets fremste dyre- og fuglefotografar med mange prisar på samvitet, arbeider han i NRK-Trøndelag og lagar bl.a. program for Ut i naturen. Det var han som var med oss i fotoskjulet, ei lita bu med glugg og ein fôringsplass for småfugl. Her var ein tett på naturen, samtidig som ein sat varmt og komfortabelt. Fugleskjulet blei flittig brukt og fleire blinkskot kom her.
Ut i naturen - panorering og landskap
Å fotografere landskap er noko som dei aller fleste med fotoapparat driv med. Men å gjera dette til interessante bilete er noko heilt anna. Steinar Johansen har samarbeidd med Kjartan Trana om fleire bøker, og som i bøkene utfylte dei kvarandre òg på kurset. Johansen er yrkesfotograf med bl.a. naturfotografering/landskapsfotografering og matfotografering som spesialitet. Han har bak seg heile 30 bokutgjevingar og visa seg å vera ein heilt uvanleg dyktig pedagog. Johansen tok oss med ut i landskapet der me fekk prøve oss på "panorering" - dvs. fotografering av eit objekt i rørsle. Både tamrein og hundekøyring var motiv for dette opplegget. Å fotografere ein levande modell ute i naturen var òg ei nyttig erfaring.
Det magiske ljoset
I det heile fekk me bryne oss på ulike fototeknikkar. Innomhus skjedde òg mykje verdifull læring - det gjekk i pixlar, objektiv, brennvidder, RAW-format, photoshop, komposisjon osv. Men klokt nok handla det mykje om løyndomen over alle i fotografering: Det magiske ljoset som kjem så brått og som berre er råd å fange når du er på rett stad til rett tid. Viktig her er planlegging av fotoarbeidet, det å prøve seg fram med eksponering og innstillingar, finne gode motiv og så - vente på augneblinken.
Men ikkje berre det, akkurat som mørkeromet var staden ein kunne trylle fram spanande foto før i tida, er det no på datamaskina dette skjer. Her var læringskurva bratt for einskilde og det var stor aktivitet heilt til siste minutt før me måtte reise.
Meisterkokk
Naturen i Vinje ligg no berre og ventar på at entusiastiske naturfotografar dukkar opp med svindyre objektiv, blendarstyrt innstilling og eit fandenivoldsk blikk på det som dukkar opp på displayet av lokal natur. I tillegg må nok dei som stullar med mat skjerpe seg om det skulle dukke opp fargeglade fotografar med skotklare kamera, for einskilde fekk òg ei grundig innføring i denne sjangeren. Og om me skulle gløyme denne lærdommen, kjem me aldri til å gløyme meisterkokken Kim Tomas Joma sine fortryllande rettar, med namn og utsjånad som dei lokale serveringsstadane i Vinje truleg berre kan drøyme om.
torsdag 10. mars 2011
Veiledninger og kursmateriell
Slik virker digital speilrefleks - grunnleggende
Slik velger du kameramodus
En forklaring på bitdybde og RAW format
Utstyrstips:
Nikon D300 + Mecablitz 44 AF-1 = helt sant
onsdag 9. mars 2011
Svart-kvit rekord!
onsdag 9. februar 2011
Det var en mørk og formfull aften...
mandag 7. februar 2011
Fotoklubben foreviga Telemarksheltar i farta!
lørdag 29. januar 2011
Er du klar for eit nytt fotoår? Forny medlemskapet i Rauland kunstforening!
torsdag 13. januar 2011
Action!
mandag 10. januar 2011
Panoramabilder fra møtet 15. desember - 2010
Bildet fra Nesland er et 360 graders panorama med bilder tatt i landskapsformat. Klikk på bildet for å se det i større format.
Bildet fra torget på Rjukan er tatt 1. des 2010, og det var rimelig kaldt. Bildene er tatt i portrettformat for å få med bygningene. Klikk på dette bildet også.
Jeg har laget en beskrivelse på hvordan jeg har gått fram for å få til dette. Det ligger på hjemmesiden min på:
http://www.lyslid.no/joomla/index.php?option=com_content&view=article&id=21