onsdag 9. februar 2011

Det var en mørk og formfull aften...

...og åtte "gamle" og to nye fotofølk va samla fe å få idear og inspirasjon og fe å kåre månadens bilæt. Det va former av alle slag - tømmer, orkidear, flammer, steintrapper i Jordan, blå skuggar på Tansvatn, piparkakemenn og skjerareir.

Svein Olav fann opp eit nytt poengsystem der me skulle stemme på to bilde kvør, det beste bildet skulle få 2 og det andre 1 poeng. Det førte te todelt tredjeplass miom Britt Elin (naturens former) og Anita (gamle former) og firedelt andreplass miom Silje (skjerareir), Ingolf (steintrapp), Anita (blå skuggar på Tansvatn) og Guro (piparkakemann). Fysteplassen gjekk te Guro, med isform i kveldssol på Totak. Fargane frå kveldshimmelen gjev isskulpturen liv.

Neste fotoklubb er onsdag 9.mars kl. 1830. Tema: Svart-kvitt. Knips i veg!

Foto: Guro Lien. Tema: Form/former.

mandag 7. februar 2011

Fotoklubben foreviga Telemarksheltar i farta!








Alle foto: Guro Lien

Laurdag 5.februar var det for første gong klart for skirennet HelteRennet på Rauland. Heile 1150 ivrige barn og vaksne var med på rennet, som vart ein kjempesuksess! Frå fotoklubben var Svein Olav Vaa, Britt Elin Ekre, Gunn Gardsjord, Janne Lofthus, Anita Sørtveit, Kjell Bitustøyl og Guro Lien med og knipsa heltar ved start, på FamilieHelten, BarneHelten, drikkestasjonar og i mål. Du kan nyte bileta på TelemarkHelten og i artikkel og bildeserieVarden sine nettsider.













lørdag 29. januar 2011

Er du klar for eit nytt fotoår? Forny medlemskapet i Rauland kunstforening!

Har du lyst til å vera aktiv i fotoklubben i 2011 også? Vera med på fotokveldar ein gong i månaden og kanskje stille ut nokre av bileta dine på utstilling? Då er det tid for å fornye medlemskapet ditt i Rauland kuntsforening! Medlemskap i kunstforeninga er det einaste du treng å betale for å vera aktiv medlem i fotoklubben.

Du fornyar medlemskapet ved å betale til kontonr.
2620.41.39740
Hugs å skrive namnet ditt i meldingsfeltet!

Hovudmedlem 350,-
Familiemedlem 150,-
Student/born gratis

For meir info om medlemsfordelar, aktivitetar og arrangement, sjekk www.raulandkunstforening.no