torsdag 12. januar 2012

By night























Månadens bilete. Tema: Natt/kveldsfoto. Foto: Aslaug S. Loftsgarden

Denne kvelden var det fullt hus på filmrommet på Rauland kunstforening - heile 18 fotofolk møtte opp for å samlast om kvelds/nattfoto. Tre nykommarar var det også, det er moro!

Konkurransen om månadens bilete var hard - heile 14 fotofolk hadde med bidrag. Aslaug trakk det lengste strået med sitt stemningsfulle måneskogbilete. Pallplasseringa vart slik:

1. Måneskog, Aslaug
2. Bølgjande ljos, Solveig
3. Mathilda, Kjell

Gratulere til medaljevinnarane!


FOTOKLUBB
torsdag 9.februar kl.1830 på Vinjehuset - Lærekveld
Møterommet i 2.etasje på Vinjehuset er booka. Der er det trådlaust nett, prosjektor og lerret.

Lære bort-kveld
- Grunnleggande kamerabruk v/Svein Olav V., Kjell og Svein Olav H.
- Raw - når brukar ein raw og jpeg? Bildebehandling av raw-bilete i bla. Photoshop Lightroom v/Guro & Svein Olav V.

Ta med:
- Kamera
- Bærbar pc med ein prøveversjon av Lightroom eller eit anna program for raw-redigering innstallert. Du kan laste ned 1 mnd gratis prøveversjon av Lightroom her: https://www.adobe.com/cfusion/tdrc/index.cfm?product=photoshop_lightroom
Det er ikkje lov med medbrakt drikke/mat. Kan ordnast med kiosken v/Inger.

Tema: Svart-kvitt portrett.
Det blir ikkje vanleg kåring av månadens bilete denne kvelden, kåringa skjer på Facebook. Legg ut dine tre bidrag på Sjavaste fotoklubben på Facebook seinast 9.februar - det som får flest stemmer/likes av alle før søndag 12.februar, blir månadens bilete! Maks tre bilete per pers, og alle må vera tekne sidan sist fotoklubb.

mandag 5. desember 2011

Salsutstilling 26.nov - 31.des på Rauland kunstforening























No er fotoklubben si salsutstilling i andre etasje på Rauland kunstforening på plass. Temaet for årets utstilling er "Bygdi mi". Her finn du bilete av bygdefolk, landskap, fuglar og bygdedyr (?) og du kjem tett innpå både blomar og handverksarbeid. Her er det mange fine jolegåver!

Utstillinga er open i perioden 26.nov-31.des:
Torsdag ope etter avtale
Fredag 12.00-18.00
Laurdag 12.00-17.00
Sundag 12.00-17.00
27.-31. desember: ope kvar dag

Utstillarar:
  • Harald Naper, pensjonist, 66 år
  • Ingolf Endresen, fotograf, 40 år
  • Svein Olav Vaa, taxisjåfør, 45 år
  • Kjell Bitustøyl, freelancer, 58 år
  • Halvor Person, vaktmester, 61 år
  • Gunn Gardsjord, psykiater, 67 år
  • Silvia Furtwängler, hundekøyrar, 50 år
  • Janne Lofthus, turistvert, 25 år
  • Øystein Løk, pensjonist, 72 år
  • Magnus Tjønn, skiboms, 22 år
  • Torbjørn Dyrland, seniorkonsulent, 35 år
  • Alex Lehmann, assistent, 23 år
  • Britt Elin Ekre, aktivitør, 31 år
  • Svein Olav Hagen, ingeniør, 54 år
  • Mette S. Lehmann, pensjonist, 62 år
  • Jarl-Magnus Kikut Moen, turnuslege, 27 år
  • Guro Lien, prosjektleiar, 29 år
Velkomen!
Sjavaste fotoklubben - Vinje fotoklubb

www.vinjefotoklubb.blogspot.com
www.raulandkunstforening.no

fredag 14. oktober 2011

Bygdi mi

Det var ein god gjeng med gamle og nye fotofolk som hadde møtt opp denne onsdagskvelden for å kåre månadens bilete innanfor temaet "Bygdi mi", og ikkje minst for å planlegge utstillinga me skal ha på kunstforeninga mot slutten av 2011.














"Sjavaste Åmyrien" Tema: Bygdi mi. Foto: Svein Olav Vaa

Konkurransen om månadens bilete var skarp. Det kom inn mange bidrag som viste ulike sider av bygdi. Folk, landskap, gamle stabbur, morgonstemningar og "flyfoto" av grender. Svein Olav V trakk det lengste strået og fekk dei to øverste plassane på pallen. Han vann med portrett av folk frå bygdi- sjavaste Åmyrien og sjavaste Nordigarden. Det vart delt tredje plass mellom Øystein med "Fossen bryt utover" og Magnus med "Åbø Skyline". Gratulere!

Marcos tok ein gjennomgang av alt som gjeld utstillinga. Fristen for å melde seg på som utstillar, gjekk ut på fotoklubben 12.oktober. Til sammen er det rundt 10 fotofolk som skal stille ut, med maks fem bilete kvar. Fristen for å ha på plass ferdig innramma bilete er neste fotoklubb, som er 9.november. Meir om utstillinga finn du lenger ned på denne sida.

Neste fotoklubb blir eit reint utstillingsmøte, og me valte difor ikkje noko tema til då.