mandag 2. februar 2009

Fotoklubbens nye faste møtedag = første måndag i månaden. Neste: 2.mars.

...på Skinnarbu kl. 1830, "som vanleg". I kveld var me seks som møtte opp, noko som er ny rekord : ) Brita, Anders, Ida, Ole, Tove, Britt Elin og eg kikka på bilde og diskutera alt me kan gjera framover. Og det er ikkje lite! Draumen er å få til ein Raulandskalender, få eit lite utstillingshjørne på Rauland Kunstforening og kanskje lage ein fin postkortserie etterkvart. Eg lova å opprette ei gruppe på Flickr www.flickr.com der vi kan legge inn fleir bilde enn her på bloggen, og gje tips og kommentarar til kvarandre.

På møta framover kan folk vise fram ulike tips og teknikkar, på neste møte skal Brita og eg vise fram grunnleggande bildebehandling i photoshop. Ta gjerne med deg pc'n din med Photoshop dersom du har : ) Ole tipsa om ei rimeleg Photoshop grunnpakke som kan kjøpast online på Japan Photo: http://www.japanphoto.no/product/programvare/fotoredigering/adobe-photoshop-elements-versjon-6-0-engelsk-sprak/

Me blei enige om neste oppdrag, som går ut til alle noverande og komande medlemmer:

  • Ta fem bilde som viser det du syns er spesielt for Rauland og omegn i vid forstand. Bilda må vere tatt i perioden 2.februar til neste møte 2.mars. Ta med bilda på USB-stick eller mail dei til meg før neste møte: guro_lien@hotmail.com

So long!

1 kommentar: