tirsdag 1. desember 2009
Svein Olav fann det finaste ettermiddagsljoset...
...og det på veg til sjavaste fotoklubben, med kompaktkamera! Litt av ein prestasjon. Grattis!
Bortsett frå Svein Olav, hadde Britt Elin, Ida, Marcos og eg funne vegen til gamle Sondov-bui på Rauland, te sjavaste Rauland kunstforening. Der blei me godt tekne imot av Ingerid og Ingebjørg, som var i full gang med forberedelsar til opning av ny utstilling laurdag 5.desember. Dei har til og med fått på plass ny drivar av kaffebaren!
Er vi heldige, og det er plass til oss, kan det bli vår tur til å stille ut i 2.etasje på kunstforeninga etter påske! Vi kryssar fingrane, og er i gang med å finne ein bra måte å gjera det på : )
Neste fotoklubb blir måndag 4.januar kl. 1830. Tema: Jol. Kom då vel!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar