mandag 1. mars 2010

Liv & rørsle


Månadens bilete: "Gjenferd" Foto: Britt Elin Ekre. Tema: Rørsle (bevegelse)
I kveld var det stort oppmøte og hard konkurranse i fotoklubben. Ida, Janne, Britt Elin, Svein Olav, May-Linn, Ingolf og eg var på plass. Artig med tre nye, friske pust i fotoklubben! I tillegg hadde Kjell sendt inn bilete sjølv om han ikkje kunne koma. Her var det mange som hadde gjort ein kjempeinnsats for å knipse rørsle! Det var Britt Elin sitt sjølvportrett som trakk det lengste strået. Gratulere!
Tema til neste gong er portrett/uttrykk. Neste gong blir måndag 22.mars kl. 1830, sidan første måndagen i april er 2.påskedag. Vi gledar oss og håpar på like hard konkurranse og stor innsats til neste gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar