fredag 17. juni 2011

Og vinnaren er...

I løpet av veka har ein jury kåra beste festivalfoto frå Haukeliseterfestivalen. Premien er respektabel: 2000 kr frå DnB Nor i Åmot.

Eg har sjekka e-posten med usannsynleg kort mellomrom, venta, sjekka og venta i spenning. Og vinnaren er: Sigurd Brokke med munnharpa og snokledde fjell i bakgrunnen. Jamen det var jo mitt bilete, det? Det hadde eg ikkje venta. Pæningan gjeng sjavsagt te nytt fotoutstyr.














Beste festivalbilete på Haukeliseterfestivalen. Foto: Guro Lien

Etter å ha fabulert om spelemenn med hardingfeler på isflak heilt til isflaket smuldra bort, bestemte Svein Olav seg langt utpå kvelden: No var det på tide å få ein spelemann ned til vatnet! Det var eit fantastisk ljos frå festleg lag i vindauga på Haukeliseter som blanda seg med eit kaldt, blått kveldsljos. Så Svein Olav skaffa ein spelemann, fann fram stativet og justerte til lang lukkartid, og vips, så skaffa han seg 2. plassen. Vel fortjent!













2.plass i fotokonkurransen på Haukeliseterfestivalen.
Foto: Svein Olav Vaa

Tredjeplassen gjekk til eit bilete av gnistrande spelemenn- og damer frå Skottland, Shetland, Noreg og kanskje endå fleire land som ikkje eg fekk med meg. Då var det liv i Nansensalen på Haukeliseter. Det var musikk etter min smak!














3.plass. Foto: Guro Lien

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar