torsdag 15. september 2011

Ein kveld med mange gode historiar

Denne onsdagskvelden var det mange gode historiar å høyre i filmrommet til kunstforeninga, og nesten alle dei 11 oppmøtte hadde med seg tre bilete som saman fortel ei historie. Fuglepåkøyrsel som nesten såg ut som kunst, sneglar som rappelerte eller som ropa veeeent, ein liten baby sine små gleder, bryllup, fuglar på jakt og unge fotografar på kurs var berre nokon av historiane som blei illustrerte med gode bilete.

Den som stakk av med flest stemmer, var Magnus. Som vanleg er han ein racer på titlar, og denne gongen var ikkje noko unntak. Berre sjå på desse tre bileta som fortel ein historie - som Magnus har kalla "klisjétrip med bismak".














1. Bomskot. Foto: Magnus Tjønn














2. Skitfiske. Foto: Magnus Tjønn













3. Vegetar. Foto: Magnus Tjønn

Gunn stakk av med andreplassen med ein litt blodig, kunstnerisk fuglepåkøyrsel og Veronika kom på tredje med svart-kvitt bilete av ivrige deltakarar på fotokurs.

No nærmar utstillinga seg, og utstillingskomiteen skal i gang med å planlegge den. Oppdateringar kjem på bloggen så snart dei har meir informasjon.

Neste fotoklubb blir onsdag 12.oktober kl.1830 på Rauland Kunstforening. Temaet er bygdi mi, eller Sjavaste bygdi. Fram til då er det lurt å finne ut om du vil bli med på utstillinga, og kva slags bilete du i tilfelle vil ha med. Ta med 15-20 utstillingsaktuelle bilete neste gong, så får du hjelp av oss andre til å velge ut dei beste innanfor temaet Sjavaste bygdi/bygdi mi. Lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar