tirsdag 29. mai 2012
Nytt liv
Månadens bilete: "Svolten!" Tema: Nytt liv. Foto: Mette S. Lehmann
Denne tysdagskvelden var det, til trass for strålande sol og ein uvanleg varm maikveld, heile 12 fotofolk som møtte opp for å kåre månadens bilete og sjå bileta til Harald Naper. Mange hadde med sine tolkingar av temaet. Her var det hoggorm, blåbærlyng, liv langs vegkanten og små fugleungar i hardvind på havet. Til slutt stakk Mette av med seieren med sitt bilete av ei mor som mata fugleungen sin. Gratulere! Ingrid og Harald dela andreplassen med hoggorm ut av dvale og ein frisk, ny blåbærblom.
Tema til neste gong: Jordnært. No tek fotoklubben sommarferie, og neste fotoklubb blir i august/september - dato kjem her på bloggen og på Facebook.
Rauland Historielag orienterte om eit komande bokprosjekt, som dei ønskjer å samarbeide med fotoklubben om: Bilete av gamle stader på Rauland - korleis det såg ut før, og korleis det ser ut no. Gunn Gardsjord tok på seg ansvaret som kontaktperson og organisator frå fotoklubben si side. Det var god stemning blant fotofolket for å bli med å bidra med nye bilete av gamle stader.
Sist, men ikkje minst, viste Harald Naper sine beste bilete. Dei lyste av humor, friske fargar, gode idear og artige historiar. Her var det mykje inspirasjon å hente. Tusen takk til Harald!
Vil du ha tips og inspirasjon til fotograferinga før neste fotoklubb? Prøv eit fotokurs! I sommar er det mange kurs på Rauland, les meir om fotokurs på Raulandsakademiet her.
God fotosommar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar