Ganske mange trossa kulda og møtte opp på fotokveld i kveld. Heile 9 foto folk med bilde på tema "Veten" stilte opp. Vinnaren blei Harald med Hyllandshei. Torbjørn sit bilde av Kongen på Haugen kom på andre plass med Magnus sitt bilde frå Vehuskjerringa på tredje plass.
Sidan detta æ ei frivillig gruppe utan noko form for styre osv ønsker Svein Olav og Guro at nokon andre kan vera med å ta litt ansvar for klubbens ve og vell. Magnus og Torbjørn heiv seg frampå og tok for seg av oppgåver:) Torbjørn vil ha ansvar for Facebook og Sjavaste bloggen. Magnus vil låse opp og koble utstyret osv.
Ellers snakka me om at Helterennet gjeng av stabelen den 2 februar og at me er hyra til å ta bilder. Torbjørn har ansvar for detta og han treng 4-5 foto folk. (Helst ein kjentmann med skuter og kamera). Er det nokon som er interessert i detta kan dei ringe Torbjørn på 93261670.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar