I menyen på speilreflekskameraet ditt kan du velge om du skø ta bileta dine som jpeg eller raw-filer, eller begge delar.
Jpeg: Komprimerte bilete som kameraet ditt "redigerer for deg". Et pikslar kvar gong du lagrar. Sportsfotografar som er avhengige av å ta mange bilde raskt rett etter kvarandre, velger ofte jpeg sidan kameraet kan ta mange fleire bilete i ein serie enn ved RAW. Ofte 5-6 MB per fil. Kan opnast i alle bildeprogram. Bileta blir mykje lettare øydelagde ved redigering enn raw-bilete gjer.
RAW: Digitale negativ som må etterbehandlast for å bli bra. Tar du kjappe bildeseriar, må kameraet stoppe opp for å lagre oftare enn når du tek jpeg. Dersom du ikkje har/brukar tid på bilderedigering, er det heller ikkje vits å ta raw-bilete. Her lønner det seg å ta ljosare bilete enn du vanlegvis ville gjort. RAW mange fleire fargenyansar enn jpeg-bilete. Ofte over 20 MB per fil.
Raw-redigeringsprogramma er ofte enklare å bruke enn for eksempel Photoshop cs5/elements. Du treng spesielle program for å kunne opne og redigere raw-filer, som for eksempel:
- Abobe Camera Raw som følgjer med Photoshop Elements/CS5 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Photoshop Lightroom 3 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Canon Digital Photo Professional (gratis på CD som følgjer med Canon speilreflekskamera)
- Nikon view nx (gratis) / Nikon Capture nx (betaling)
- Raw Therapee (gratis)
- Apple Aperture (betaling, for Mac)
- Fleire gratis raw-program finn du her
Det første du gjer med eit raw-bilete, er å sjå på kvitbalansen. Er biletet for varmt eller kaldt? Då kan du lett justere det i raw. Kvitbalansen i jpeg-bilete kan ikkje endrast. Så kan du endre eksponeringa, som gjer heile biletet ljosare eller mørkare. Du kan med enkle grep justere berre mørke eller lyse område i eit raw-bilete, og få fram detaljar i det som er heilt kvitt eller heilt svart utan at du øydelegg biletet. Då brukar du recovery (hente fram detaljar i heilt kvite/utbrente område) og fill light/blacks (hente fram detaljar i heilt svarte område). Dette er ein mykje meir omfattande prosess viss du skal gjera det på eit jpeg-bilete i Photoshop, og biletet blir fortare øydelagt.
Konklusjon: Brukar du mykje tid på bilderedigering, kan det vera lurt å ta raw-bilete. Jpeg er valget for deg som har det travelt, og ikkje skal bruke mykje tid på etterarbeid.
Les sjavaste Svein Olav Hagen sin innføring i bitdybde, jpeg og raw
tirsdag 17. mai 2011
søndag 1. mai 2011
Neste fotoklubb blir flytta til 18.mai
Det er mange som ikkje kan på fotoklubb 11.mai, og difyr flyt me neste fotoklubb til 18.mai kl. 1830. Temaet er framleis vår. No har du endå betre tid til å ta månadens bilete, så knips i veg i vårsola!
onsdag 6. april 2011
Linjer på tvers

"Linjer på tvers" Foto: Harald Naper. Tema: Linjer.
I kveld var filmrommet på kunstforeninga fullt av 13 ivrige fotofolk. I tillegg hadde to som ikkje kunne koma sendt inn bilæt til konkurransen - så heile 14 fotografar konkurrerte om månadens bilæt. Harald vann soleklart mæ sine linjer på tvers. Ser du høtt han he tekje bilæt av? Det æ ein eggedelar mæ vassdropar og ein steikjespade i bakgrunnen! Aslaug sitt rynkebilæt kom på andre plass, mens Marcos kom som ein god nr 3 mæ ullent, mjukt isvatn innte ein skarp iskant.
Svein Olav V. dukka upp i ei flunkans ny, raud "Sjavaste fotoklubben t-skjorte"! Eg fekk låne ei fe kvelden. Kjempebra initiativ! Ta kontakt mæ Svein Olav viss du au he lyst på ei, sø kan han ordne det.
Ingolf tipsa om www.blurb.com. Dei lagar fine fotobøkar. Bøkan kan du legge ut som pdf og selge trykte bøkar te andre! Andre nyttige linkar: www.foto.no og www.photo.net.
Harald viste nokon fantastiske makro-bilæt som gav inspirasjon til å prøve sjav! Det er utruleg høtt du kan få ut av speglingane i ein vassdrøpe, noko månadens bilæt æ eit godt eksempel på.
På Snåsa lærte me at det er lurt å ta bilæt i raw i staden fe jpeg viss du er villig til å bruke litt tid på å redigere bilæti dine. På neste fotoklubb viser me høffe det æ lurt!
Neste fotoklubb er onsdag 11.mai kl. 1830. Tema: Vår. Me sjåast!
Abonner på:
Innlegg (Atom)