tirsdag 17. mai 2011

Velge filformat for bileta dine: Raw eller jpeg?

I menyen på speilreflekskameraet ditt kan du velge om du skø ta bileta dine som jpeg eller raw-filer, eller begge delar.

Jpeg: Komprimerte bilete som kameraet ditt "redigerer for deg". Et pikslar kvar gong du lagrar. Sportsfotografar som er avhengige av å ta mange bilde raskt rett etter kvarandre, velger ofte jpeg sidan kameraet kan ta mange fleire bilete i ein serie enn ved RAW. Ofte 5-6 MB per fil. Kan opnast i alle bildeprogram. Bileta blir mykje lettare øydelagde ved redigering enn raw-bilete gjer.

RAW: Digitale negativ som må etterbehandlast for å bli bra. Tar du kjappe bildeseriar, må kameraet stoppe opp for å lagre oftare enn når du tek jpeg. Dersom du ikkje har/brukar tid på bilderedigering, er det heller ikkje vits å ta raw-bilete. Her lønner det seg å ta ljosare bilete enn du vanlegvis ville gjort. RAW mange fleire fargenyansar enn jpeg-bilete. Ofte over 20 MB per fil.

Raw-redigeringsprogramma er ofte enklare å bruke enn for eksempel Photoshop cs5/elements. Du treng spesielle program for å kunne opne og redigere raw-filer, som for eksempel:

- Abobe Camera Raw som følgjer med Photoshop Elements/CS5 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Photoshop Lightroom 3 (betaling, men gratis å prøve i 30 dagar)
- Canon Digital Photo Professional (gratis på CD som følgjer med Canon speilreflekskamera)
- Nikon view nx (gratis) / Nikon Capture nx (betaling)
- Raw Therapee (gratis)
- Apple Aperture (betaling, for Mac)
- Fleire gratis raw-program finn du her

Det første du gjer med eit raw-bilete, er å sjå på kvitbalansen. Er biletet for varmt eller kaldt? Då kan du lett justere det i raw. Kvitbalansen i jpeg-bilete kan ikkje endrast. Så kan du endre eksponeringa, som gjer heile biletet ljosare eller mørkare. Du kan med enkle grep justere berre mørke eller lyse område i eit raw-bilete, og få fram detaljar i det som er heilt kvitt eller heilt svart utan at du øydelegg biletet. Då brukar du recovery (hente fram detaljar i heilt kvite/utbrente område) og fill light/blacks (hente fram detaljar i heilt svarte område). Dette er ein mykje meir omfattande prosess viss du skal gjera det på eit jpeg-bilete i Photoshop, og biletet blir fortare øydelagt.

Konklusjon: Brukar du mykje tid på bilderedigering, kan det vera lurt å ta raw-bilete. Jpeg er valget for deg som har det travelt, og ikkje skal bruke mykje tid på etterarbeid.

Les sjavaste Svein Olav Hagen sin innføring i bitdybde, jpeg og raw

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar